Nordhordland brann og redning ( NHBR) vart etablert i 2019. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune.
Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, har ca. 33.000 innbyggjarar.
Vi har 5 brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mo og Mastrevik og to depot – Kaland og Øvre Helland
Brannvesenet sin hovudstasjon er Knarvik stasjon (Stølen 7)
Nordhordland og Gulen brannførebyggjande avdeling (NGIB) i varetar det førebyggjande arbeidet (§13) i kommunane Alver, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Gulen, Solund og Fedje.
NHBR er organisert med tre avdelingar:
- Operativ avdeling
- Brannførebyggjande avdeling (NGIB)
- Avdeling for feiing og bustadtilsyn