Informasjon til skuler

-A +A

NGIB besøker alle skulane i samarbeidskommunane kvart år.
Elevane får undervisning i brannvern, og får testa seg i både teori og praksis.

1. Trinn

Alle førsteklassingar i samarbeidskommunane får kvart år besøk/undervisning av oss. Antall elever i heile regionen er ca. 550. Undervisninga har fokus på at eleven skal forstå forskjellen på eld og brann, korleis dei skal forhalda seg brann oppstår og få kjennskap til dei forskjellige nødnumra.

6. Trinn

I februar/mars gjennomfører vi undervising på 6.trinn. Undervisinga består av teori med førebyggjande brannvern, i tillegg til sløkking av brann med handslukker (skum). Med bakgrunn i temaet førebyggjande brannvern lager trinnet eit prosjekt som skal vise kva dei har lært. Dei beste bidraga vert premiert med ein tur til Bergen brannvesen og Vilvitesenteret. 

Vi har fått mange flotte presentasjonar, bilete, figurar og kunstverk gjennom åra. Dei innkomne bidraga står også utstilt på brannstasjonen. Du finn bilete av dei ulike bidraga under «Konkurransar» i venstremenyen.

Foreldre – Brannbamsen Bjørnis

Vi har med oss Bjørnis!

Møtet mellom Brannbamsen Bjørnis og barna er magisk. Kontakten som oppstår, gjev brannvesenet unik moglegheit til å kommunisere med barna. Derfor har Bjørnis blitt brannvesenets viktigaste verktøy i møte med barn, enten det er i samband med brannar eller ulukker, eller i brannvernopplæring tilpassa den yngre garde.

Kort om Bjørnisprosjektet

Prosjektet ble opprinneleg etablert av Trøndelag brann- og redningsteneste, men er no oppretta som ei eiga Stiftelse. Brannbamsen Bjørnis er av nasjonale aktørar valt som nasjonal satsing i brannførebyggjande kommunikasjon retta mot barn, sjå og Bjørnis si eiga netts https://brannbamsen.no/