Når kjem vi på feiing og tilsyn?

-A +A

Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der. 

Dette sjekkar vi:

  • at eldstad og skorstein er intakt og verkar slik dei skal
  • at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerer, og at det er rømmingsvegar frå bustaden
  • om det er behov for feiing, og om feiar har tilgang til skorsteinen

I tillegg gjev vi deg god informasjon og rettleiing på spørsmål om branntryggleik, fyring og fyringsøkonomi.

Våre tilsette går alltid uniformert og skal ha synlig ID-kort frå Nordhordland brann og redning.

SMS-varsel frå feietenesta

Før feiaren kjem på besøk får du SMS frå feiaren. Det er viktig at eigar svarar på denne. 
Meldinga ser nokolunde slik ut (i desse Korona-tider er det også litt informasjon i meldinga om smittevern): 

Brannvesenet kjem på feiing av fyringsanlegg hjå deg i (adresse), den dd.mm.åååå.
Grunna Covid-19 pandemien vert feiing berre utført frå tak. Feiaren vil ikkje gå inn i huset.
Hugs å lukke spjeld og ventilar på eldstaden.

Svar på denne sms med 1 eller 2
1- Tidspunktet passar. Vi har ein avtale!
2- Tidspunktet passar ikkje. Eigar tar kontakt for ny avtale.
Trykk på link for meir informasjon: (link knytt til kvar bustadeigedom)

Kvifor feiar vi?

Ein skorstein med mykje sot vil sleppe ut meir CO2 i tillegg til at han vil trekkje dårlegare. Regelmessig feiing av både skorstein og eldstad vil derfor vere meir økonomisk, fungere betre og ureine mindre.

Hindrar feiing pipebrannar?

Det er viktig at feiaren får avdekt om det er beksot i skorsteinen, når han eller ho gjennomfører tilsynet. Pipebrann oppstår av beksot. Uheldig fyringsmønster og/eller dårleg isolerte skorsteinar kan føre til beksot. Denne sota er vanskeleg å fjerne, og skorsteinen må gjerne fresast. Dersom det blir avdekt store mengder beksot i skorsteinen, vil vi krevje at det blir utført tiltak. I nokre tilfelle gir vi fyringsforbod.