Bål og bråtebrenning

-A +A

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

 

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov. Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

Husk at all bålbrenning er på eiga ansvar. Er du i tvil om det er trygt å tenna opp eld, så anbefalar vi at ein lar væra. Brannvesenet gir ikkje løyve til bålbrenning, men kan gje løyve til utvida lyng og bråtebrenning om ein søker om dette. 

 

Lyng og bråtebrenning

Ved bråte og lyngbrenning må ein søkje om løyve til dette via e-post. Brannsjefen i NHBR handterer desse søknadane for Alver, Austrheim og Modalen. Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell. Du må søkje minimum to veker før.

Sankthansbål

På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann. Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkke elden før staden blir forlaten.

Her kan du lese meir 
Forskrift om brannførebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet