Det finns ikkje eit offentleg utdanningsløp per no i Noreg for å utdanne deg til brannmann. Denne utdanninga får du først når eit brannvesen har tilsett deg i ei stilling som brannkonstabel. For å kunne søkje på stillingar som brannkonstabel må du ha gjennomført aspirantkurs. Dette vert arrangert av NHBR og normalt gjennomført kvart 3. år.
Brann- og redningspersonell er underlagt forskriftskrav mht. helse og fysikk. Vi er derfor ute etter personar som har gjerne har trening som ein naturleg del av dagleglivet.
Utdanningssystemet
Opplæringa for å bli brannkonstabel er delt inn i 3 deler, og er styrt etter læreplanar frå Norges Brannskole og internt i NHBR.
Aspirantkurs
Kurset vil bli arrangert over tre samlingar i på til saman 50 timar. Her vil du få grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring i sentrale sider innan brann- og redning. Tema er blant anna Brannfysikk, Førstehjelp, Røykdykking, Trafikkulykke, Overflateredning. Du lærer og om vaktsystemet, sambandet, vår kultur og dei haldningane samfunnet og NHBR forventar at ein brannkonstabel skal ha.
Når du har gjennomført aspirantkurs, er du kvalifisert til å søkje på stillingar i NHBR.
Nettbasert kurs i brannvern
Når du er tilsett i NHBR, så er neste trinn eit nettbasert kurs i brannvern. Dette må gjennomførast innan dei to første åra du er tilsett.
Grunnkurs
Etter du har vert ei stund i styrken, vil du få tilbod om grunnkurs. Dette er ei vidarebygging på kompetansen din innan brann og redning. Dette kurset gjennomførast over en lengre periode lokalt, på helg og kveldstid.
Når du er ferdig med dette grunnkurset så er du ferdig utdanna brannkonstabel, røyk- og kjemikaliedykkar.