Rekruttering og opptakskrav

-A +A

Du treng ikkje vere supermann for å bli brannmann!
Oppgåvene våre er samansett, med hovudvekt på praktiske arbeidsoppgåver. Vi ser det som verdifullt å rekruttere frå mange forskjellige yrkesgrupper. Brann- og redningspersonell er underlagt forskriftskrav mht. helse og fysikk. Derfor er det viktig at du les gjennom krava før du søker deg inn som brannkonstabel. Desse krava er gjeldande til ei kvar tid, og alle tilsette må ta årlege testar for å sikre at vi oppfyller krava. Når det er sagt, så har vi stort fokus på øving og opplæring, for at vi til ein kvar tid skal vere best mogleg i stand til å takle dei arbeidssituasjonane vi kjem opp i. Vi ser etter personar som kan og vil vere positive og løysingsorienterte medspelarar i brannkorpset, og også serviceinnstilte tenesteytarar for innbyggjarane i Alver, Austrheim og Modalen. 

For å kunne søkje på stillingar som brannkonstabel må du ha gjennomført aspirantkurs.
Dette vert arrangert av NHBR og normalt gjennomført kvart 3. år 

Krav til brannkonstabel:

  • Ha godkjend politiattest (ordinær politiattest)
  • Ha tilfredsstillande helseattest
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha bustad maksimum 15 minutt frå ein av brannstasjonane våre. (køyreavstand)
  • Du må bestå fysisk test

I tillegg til desse krava vil det vere ein fordel om du:

  • Førarkort klasse BE
  • Førarkort klasse C 
  • Båtførarkompetanse
  • Har relevant utdanning eller yrkesbakgrunn
  • Har fritidsinteresser, hobbyar eller erfaringar som kan vere nyttige i brann- og redningsarbeid.

Fysisk test:

NHBR nyttar «Fredrikstadtesten» for å kartlegge dei fysiske krava.

Testen vert gjennomført i utrykkingsklede inkl. hjelm, støvlar og maske og pressluftutstyr i bruk.

  • Testen består av 12 postar
  • Testen skal gjennomførast i hurtig gange, altså du kan ikkje springe mellom postane.
  • For godkjent testresultat skal testen gjennomførast på mindre enn 10 minuttar og 30 sekunder.

Lenke til test - https://www.youtube.com/watch?v=hXBD2Enhl6Q