Fyrverkeri & beskyttelsesbriller - dei høyrer saman!

-A +A

Ved fjorårets nyttårsfeiring ble det registrert 65 uhell med fyrverkeri. Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før.

Rakettar og naudbluss er ulovleg å skyte opp som fyrverkeri. Mellom klokken 18 og 02 på nyttårsaftan kan ein bruke fyrverkeri som batteri, airbombs, stjerneskot og fontener.

Uforsiktig og uvettig fyrverkeribruk hos barn og unge fører kvart år til mange brannar og personskader. Husk derfor at det er 18-års aldersgrense for både kjøp og bruk av fyrverkeri. Unntaket er mindre stjerneskot, som har 12-års aldersgrense. Små stjerneskot kan barn bruke så lenge dei er under oppsikt av vaksne. Stjerneskot med totallengde over 30 cm har 18-årsgrense.

Fortsatt er det fingre, ansikt og auge som er mest utsatt for skade ved bruk av fyrverkeri. Bruk vernebriller for å unngå augeskader, og husk at fyrverkeri er eksplosivar og at dei må behandlas deretter.

Les om trygg bruk av fyrverkeri på brannvernforeininga si nettside:

https://brannvernforeningen.no/gode-rad/jul-og-nyttar/trygg-bruk-av-fyrverkeri/

Korleis vi ikkje skal gjere det: