Brannsamarbeid i praksis!
I går, 11 mai, blei brannsamarbeidet mellom kommunane Lindås, Meland og Modalen vedtatt i kommunestyret i Lindås. Samarbeidet er allereie vedtatt i kommunane Meland og Modalen.
Det vil foreløpig ikkje bli gjort endringar av på logo på bilar og utstyr. Dette grunna arbeidet med kommunesamanslåing og usikkerhet rundt namn på ny kommune.
Vi ønskjer Modalen kommune velkommen inn i brannsamarbeidet og vi ser fram til å vidareutvikla brann- og redningstenesta i regionen i saman med Modalen kommune og konstablane der. Ser på dette som ei god løysing for alle partar og eit tiltak som gjer oss i betre stand til å handtera dagens og framtidas krav og utfordringar.