Unngå brann i jula!

-A +A

Få med heile familien på ein enkel, privat «brannkontroll». Dersom alle går inn for det, vil tryggleiken mot brann heime fort bli betre.

Er brennbare ting plassert i god avstand frå varmekjeldene (omnar, komfyr, peis)?
Har dei elektriske kontaktane rett belastning? (ikkje for mange uttak frå ein og same kontakt)
Er ev. oskebeger brannsikre?
Brukar de levandelys berre når de er tilstade i rommet?
Er lysestakar og dekorasjonar med lys brannsikre?

Kjøkkenet:
Er dei elektriske apparata reine og i god stand?
Er brennbart materiale i god avstand frå komfyren?
Er avtrekksvifta rein og feilfri (jamleg reinhald)?
Er fyrstikker utanfor rekkevidde for små barn?
Er gardiner i god avstand frå varmekjelda?

Soverom:
Er det røykvarslar på soveromma?
Brukar du ladar når du søv?
Er varmeomnar og lampar plasserte i god avstand til brennbart materiale?
Er du forsiktig med tekstilar som er lett antennelege?
Om personar røyker, er det innført forbod mot røyking i senga?

Garasje, kjellar, loft, bod, anna rom:
Blir oljeklutar plassert i behaldar for brannfarleg avfall?
Er det ryddig og reint?
Blir det berre lagra tillate mengd bensin og/eller gass?
Huskar du at gass ikkje skal lagrast i kjeller? (Heller ikkje på loft som er vanskeleg å komma til)

Brann:
Er det røykvarslar i kvar etasje?
Er røykvarslar plassert slik at dei dekkjer alle rom?
Vert røykvarslarane testa ein gong i mnd.?
Har du husbrannslange (ikkje hageslange), 6 kilos pulverapparat eller skumapparat i kvar bueining?
Har de brannsløkkjerutstyret lett tilgjengeleg?
Er brannsløkkjerutstyret plassert på ein fast plass alle kjenner til?
Er alle leidningar til elektriske apparat i god stand?
Har det vore utført kontroll på det elektriske anlegget?
Brukas elektriske apparata berre når dykk er tilstade og er vakne (oppvaskmaskin, vaskemaskin, tørketrommel, m.m.) ?
Er det gjennomført tilsyn og feiing med omnar og eldstad?

I tilfelle brann møtas vi på møteplassen som er: