http://www.norskluftambulanse.no/mens-du-venter-pa-ambulansen/
For å auka beredskapen i kommunane Lindås og Meland, har konstablane ved brannvernet no vert igjennom utvida opplæring i regi av Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Kurset har fokus på korleis ein skal ta hand om pasientar som er i ein livstruande situasjon. Kurset er praktisk retta og tar for seg prosedyrar knytt til livreddande førstehjelp, korleis ein skal hjelpa den sjuke pasienten og den skadde pasienten. Førstehjelparane øvar også på korleis ein skal opptre i møte med menneskar i vanskelege situasjonar. I tillegg til kunnskap, utstyrast også førstehjelparane med blant anna Hjartestartar, oksygen og ein del anna førstehjelpsutstyr.