Totalforbodet mot bruk av open eld.

-A +A

Totalforbodet mot open eld er utvida til også å gjelda forbod mot skyting på skytebaner. Forbodet gjelder også all skyting utanfor godkjente skytebaner!

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. Den store brannfaren gjer at brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen også innfører forbodet mot skyting på skytebaner. Forbodet gjelder også all skyting utanfor godkjente skytebaner! Forbodet kjem i tillegg til tidligare totalforbod mot å gjera opp eld utandørs.

Forbodet gjeld frå og med i dag, 30.05.2018, og til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

 

Totalforbod mot å gjera opp eld!

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i fleire områder i regionen vår. Brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med 27. mai 2018 kl 20:00. Forbodet gjelder for kommunane Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Dette betyr:

Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongs griller, kulegriller, bålpanner, gassgriller, stormkjøkken og andre kokeapparater med brennstoff utandørs

Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleik av skog og mark

Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsonen

Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane

Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på egen tomt

Forbodet gjelder ikkje:

Kontrollert bruk av grill i eigen hage.

Forbodet gjeld frå og med idag 27.05.2018 og framover til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

 

 

Brannsjef Austerheim, Rolf Henning Myrmel

Brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes

Brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J Romarheim