TOTALFORBOD MOT Å GJERA OPP ELD UTANDØRS!

-A +A

Høg skogbrannfare i regionen

TOTALFORBOD MOT Å GJERA OPP ELD UTANDØRS!

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. Brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med 27. mai 2018 kl 20:00. Forbodet gjeld for kommunane Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Forbodet gjeld frå og med idag 27.05.2018 og framover til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

For ytterlegare informasjon sjå kommunane sine nettsider!