Totalforbod mot å gjera opp eld!

-A +A

Totalforbod mot å gjera opp ild utandørs

Totalforbod mot å gjera opp eld!

Kommunane Austrheim, Meland og Lindås har no innført totalforbod mot all bruk av eld.

Det fine været dei siste dagane har ført til at det er svært tørt i fleire områder i regionen vår. Austerheim, Meland og Lindås kommunar innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med onsdag 11 mai 2016.

Uforsiktig omgang med ild, som blant anna bål brenning og grilling, er den hyppigaste årsaken til skogbrann. Vi opp fordrar folk på det sterkaste til å visa forsiktighet.
Alle innbyggaren har ein generell plikt til å vise forsiktighet for å unngå brann, det er derfor viktig at folk passar ekstra på når dei gjør opp eld utandørs uavhengig av sesong eller forhold og respekterer totalforbod.

Forbodet gjelder til brannsjefane i kommunane sender ut melding om oppheving av forbodet.

Mvh
Brannsjef Austerheim, Rolf Henning Myrmel
Brannsjef Lindås og Meland, Karl J Romarheim