Oppheving av total forbod mot bruk av eld utandørs.

-A +A

Vi opp fordrar framleis folk til å væra forsiktig.

Kommunane Austrheim, Radøy, Lindås og Meland opphevar, frå fredag 20 mai kl 08:00, total forbodet mot bruk av eld utandørs. Brannsjefane viser til forskrift om brannførebygging, og opphevar, med heimel i forskriftens § 3, forbodet om bruk av eld utandørs i nemnte kommunar.

Uforsiktig omgang med eld, som blant anna bål brenning og grilling, er den hyppigaste årsaken til skogbrann. Vi opp fordrar framleis folk til å væra forsiktig.
Alle innbyggarane har ein generell plikt til å vise aktsomhet for å unngå brann, det er derfor viktig at folk passar ekstra på når dei gjør opp eld utandørs uavhengig av sesong.

Brannsjefane minner om dei generelle bestemmelsane i forskrift om brannførebygging § 3; Generelle krav til aktsomhet; "Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokket»