På bakgrunn av redusert brannfare i terrenget, opphevar Nordhordland brann og redning det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs i Alver, Austrheim og Modalen kommunar. Opphevelsen trer i kraft fredag 23. juni kl 08:00Nedbørsmengda som har komet den siste tida har dempa brannfaren. Men det kan være store variasjonar innad i kommunane. Det er derfor viktig å ta omsyn til lokale forhold. Nokre stader har det regna lite, som gjer at terrenget framleis er ganske tørt.
Brannvesenet ønskjer å takka innbyggarane som har respektert det ekstraordinære forbodet. Det har bidratt til at vi ikkje har fått alvorlege hendingar i vårt område.
Lov med sankthansbål! Ein kan brenna sankthansbål så lenge det er god avstand til bygningar, skogsområdet, vegetasjon og anna brennbart materiale. Husk å ta omsyn til brannfaren og vindforhold og at bålet ikkje må være større enn at ein har kontroll. Ein må ikkje brenna bål eller grilla dersom man ikkje kan garantere for branntryggleiken.
Det generelle bålforbodet gjeld framleis
Husk at det generelle bålforbodet i eller i nærleik av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september framleis gjeld.