Ein branntrygg påske frå Lindås og Meland brann og redning

-A +A

Sørg for at du har fungerande røykvarslarar både heime, på hytta, i båten og i campingvogna. Ta med deg nye røykvarslarbatteri eller ein reiserøykvarslar.

Sørg for å ha sløkkeutstyr lett tilgjengeleg. Sjekk at trykkmålaren på brannslukkingsapparatet peikar på grønt.

Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå stearinlysa. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og sett lysa i god avstand til brennbart materiale.

Sørg for at eldstaden er i god stand. Ikkje sett aska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned aska i ein brannsikker bøtte med lokk i god avstand frå hytte- eller husveggen.

Skal du grille må du setta grillen stødig med god avstand til brennbart materiale. Hald oppsyn med grillen så lenge den er varm. Ved bruk av eingongsgrill må ein vente/sørgje for at den er kald før den blir fjerna.

Sørg for at rømningsvegane er lett framkommelege.

Sjekk slangar og koplingar på propananlegget.

God påske!