Organisering

-A +A

Operativ avdeling er organisert som eit deltidskorps.

Det vil sei at dei aller fleste i Nordhordland brann og redning har fullt arbeid i tillegg.

Som tilsett i Nordhordland brann og redning så er du ein del av beredskapen til Alver, Austrheim og Modalen kommune. Du vil få varierte, utfordrande og lærerike oppgåver. Gjennom erfaringane som brannkonstabel vil du oppleve både fagleg og personleg utvikling, og du vil utføre viktige samfunnsoppgåver saman med kompetente kollegaer.

Det er over 100 deltidstilsette fordelt på alle stasjonane i brannsamarbeidet. Desse er tilsett i ulike vaktordningar, i tillegg har vi 5 heiltidstilsette ved Knarvik stasjon (Stølen 7)

Å vere ein del av deltidstyrken vil også krevje ein del av deg. Du må t.d. ha ein kvardag som tillèt deg å prioritere oppgåvene som brannkonstabel:

  • Du må delta i 40 obligatoriske øvingstimar pr. år i tillegg til anna naudsynt opplæring på kveldstid
  • Årleg fysisk test
  • I kvardagen må du bære radiosamband, dette gjeld og når du ikkje har vakt.

Det du får igjen er moglegheit til å vere ein viktig bidragsytar til lokalsamfunnet. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø der samhald og trivsel er i fokus, i tillegg til øving og opplæring. Dette gjer vi for at vi til ein kvar tid skal vere best mogleg i stand til å takle dei arbeidssituasjonane vi kjem opp i.  

 

Oversikt over dei ulike vaktordningane

Deltid – med fastvakt:

  • Som deltidstilsett med fastvakt har du heimevakt kvar 5. veke frå kl. 15.30-08.00 på kvardagar,
    i helga frå kl. 15.30 fredag til kl. 08.00 måndag morgon.
  • Deltid på vakt må også dekkje beredskapen med heimevakt dei raude dagane
    (eks julafta, 1.juledag, uavhengig om det er helg eller ikkje)
  • Det er krav til kor langt vekke ein kan være frå brannstasjonen når du er på vakt
  • Du får eit fast vakttillegg, øvrig arbeid og øving blir lønna etter tariff.

Deltid – utan fastvakt:

  • Bære med seg radio 
  • Rykke ut ved alarm
  • Du får eit fast vakttillegg, øvrig arbeid og øving blir lønna etter tariff.

Vikar

Blir kalla inn til vakt ved behov. Dette kan vere til enkeltvakter, eller for lengre periodar.

Heiltid:

  • Dagkasarnering på Knarvik Stasjon, det vil sei fast arbeidstid frå kl. 08.00 til 15.30.
  • I tillegg deltidsstilling med fastvakt