Kva kostar feiing og bustadtilsyn?

-A +A

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje. Gebyret skal altså betalast kvart år.

Sjekk kommunen sine nettsider for å finne kva gebyret for din kommune er.

 

Fritak frå gebyr for feiing

Dersom bustaden din ikkje har pipe, eller det ikkje er montert eldstad (pipa er murt igjen), kan du be om fritak frå gebyret.

Om du har spørsmål ta kontakt med teknisk avdeling via kundetorget i din kommune.