Skal du installere eller reparere eldstad?

-A +A

Du treng ikkje søkje dersom:

  • du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og same brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

  1. Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet
  2. Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.

 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig.
  • du søkjer til den kommunen du har bustad i.