Ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs.

-A +A
Det er no så tørt at all bruk av eld utandørs representerer ein brannfare. Kommunane Alver, Austrheim og Modalen derfor innført eit forbod mot bruk av eld utandørs med verknad frå og med 16. juni 2023 kl.18.00. Den mellombelse forskrifta varar frå og med fredag 16. juni kl. 18.00 og til og med 30. juni.
 
Forbodet gjeld for all bruk av eld i skog, utmark og innmark og for faste tilrettelagde bålplassar, parkar og grøntområde.
Forbodet gjelder også for sankthansbål.
Det er framleis lov å grille i eigen hage, balkong og terrasse. Du må likevel vere svært aktsom med bruk av griller og anna som kan forårsake brann og på privat grunn.
 
Vi håper at innbyggjarane vil hjelpe oss med å forhindre at brannar oppstår.