Aspirantkurs 2023

-A +A

Lyst på spennande utfordringar?

NHBR treng fleire vikarar og deltidstilsette og skal derfor arrangere aspirantkurs.  Kurset er grunnleggjande og obligatorisk for alle som skal jobbe som brannmannskap i NHBR, og etter fullført opplæring kan du søkje på stilling i deltidsstyrken vår.

Kven kan søkje?

Dine personlege eigenskapar og haldningar vil vere svært viktige. Vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til å skape eit tryggare og betre kvardag for innbyggjarane våre . Du er  fysisk og psykisk skikka og har god helse. Du har eit ønske om, -og tid til å gå inn i deltidsstyrken etter fullført aspirantkurs. Etter fullført og bestått aspirantkurs kan du fungere som vikar og søkje ledig stilling som konstabel hos oss når desse blir utlyst. Det er derfor viktig at aspirantane oppfyller dei same grunnleggjande krava som vi stiller til dei tilsette i brannkorpset.

Krav til brannkonstabel:

  • Ha godkjend politiattest (ordinær politiattest)
  • Ha tilfredsstillande helseattest
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha bustad maksimum 15 minutt frå ein av brannstasjonane våre. (køyreavstand)
  • Du må bestå fysisk test (denne vil bli gjort som ein del av opptaksprøve)

 

Søknadsprosess

Du søkjer om plass på kurset og utifrå søknad vil du bli vurdert og kalla inn til ei opptaksprøve. Søknaden må innehalde ei kort skildring om deg og kva interesse og kompetanse du har.  Politi og helseattest treng ikkje å vere ein del av søknaden. Men dei må vere på plass til sjølve kurset.

 Du søkjer om plass på kurset via Alver Kommune sine nettsider. Den blir lyst ut 14.06.2023

Søknadsfrist 31. august 2023

 

Opptaksprøve

Opptaksprøva til kurset består av eit intervju og fysiske testar. 
Opptaket blir gjennomført 1. og 2. november.  Her vil du bli betre kjend med NHBR, og me med deg.

Fysisk test

Testen vert gjennomført i utrykkingsklede inkl. hjelm, støvlar og maske og pressluftutstyr i bruk. Utstyret får du låne av oss.

Sjølve testen:

  • Testen består av 12 postar
  • Testen skal gjennomførast i hurtig gange, altså du kan ikkje springe mellom postane.
  • For godkjent testresultat skal testen gjennomførast på mindre enn 10 minuttar og 30 sekunder.

Her kan du sjå døme på test - https://www.youtube.com/watch?v=hXBD2Enhl6Q

Etter opptaket vil det vere ei evaluering av kandidatane. Utifrå denne evalueringa, vil vi sende ut invitasjon for deltaking på aspirantkurset. Med andre ord; det er ikkje alle som vil gå vidare frå opptaksprøva til kurset.

 

Aspirantkurset

Kurset vil bli arrangert i tre helger og er på til saman 50 timar.
Gjennomføring av kurset vil skje i veke 6, 7 og 10. (fredag ettermiddag, lørdag og søndag ).
Kurset vil i hovudsak bli gjennomført på Knarvik Stasjon (Stølen 7 i Alvermarka)

På kurset vil du få grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring i sentrale sider innan brann- og redning.

Tema som du skal gå gjennom er blant anna:

  • Brannfysikk
  • Førstehjelp
  • Røykdykking
  • Trafikkulykke
  • Overflateredning

Kurset blir avslutta med ein teoretisk prøve siste dag.

Praktisk informasjon

  • Vi har ikkje moglegheit til å endre datoar for opptak eller kurs.
    Dersom du ikkje kan desse datoane, må du vente til neste gang vi arrangerer kurs. Dette skjer ca. kvart 2. til 3. år.
  • Egna klede både for opptak og kurset ordnar vi.

Eg har gjennomført og bestått aspirantkurset, kva no?

No er du kvalifisert til å vere vikar som brannkonstabel hjå oss, og du kan søkje på ledige stillinger når dei blir lyst ut!