Feiing og boligtilsyn

-A +A

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der.

Dette må du gjere før vi kjem:

  • Ikkje fyr den dagen vi skal feie.
  • Hugs å stengje spjeld og ventilar.
  • Finn fram ei bøtte til sot.
  • Har du peis, kan det vere lurt å hengje eit vått handkle framfor opninga.
  • Set fram godkjend stige. Stigen må vere i metall.
  • Sjekk at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen.

Kvifor feiar vi?

Ein skorstein med mykje sot vil sleppe ut meir CO2 i tillegg til at han vil trekkje dårlegare. Regelmessig feiing av både skorstein og eldstad vil derfor vere meir økonomisk, fungere betre og ureine mindre.

Hindrar feiing pipebrannar?

Det er viktig at brannførebyggjaren får avdekt om det er beksot i skorsteinen, når han eller ho gjennomfører tilsynet. Pipebrann oppstår av beksot. Uheldig fyringsmønster og/eller dårleg isolerte skorsteinar kan føre til beksot. Denne sota er vanskeleg å fjerne, og skorsteinen må gjerne fresast. Dersom det blir avdekt store mengder beksot i skorsteinen, vil vi krevje at det blir utført tiltak. I nokre tilfelle gir vi fyringsforbod.

Kva kostar feiing og bustadtilsyn?

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje.

  • Årsbeløpet for feiing og tilsyn er 465,- eks mva per bueining. Fritidsbustad reknast som ein bueining, beløpet er likt for alle bustader med registrert eldstad.
  • Tillegg for ekstra pipe er kr 150,- eks mva.